» Nyheter
» Om VRI Trøndelag
» Kontakt oss
» Styringsgruppe
» Virkemidler
» Innsatsområder
» Andre VRI-regioner
Motta nyhetsbrev:
Navn:
E-post:

Leiarutvikling med dans og musikk

Publisert: 04.01.2010
Det nye selskapet KultLab i Steinkjer har utvikla leiarutviklingskurs med basis i teater, musikk og dans. Organisasjonssosiolog Trond Stiklestad frå Høgskolen i Sør-Trøndelag har vore med Torunn Hernes Bjerkem og Johan Einar Bjerkem i utviklingsprosessen, og no er kursa klare for sal.
KULTLAB: Frå venstre musikar Einar Olav Larsen, forskar Niels Arvid Sletterød, historieforteljar Johan Einar Bjerkem, teaterkunstnar Astrid S. Fuglesang, organisasjonssosiolog Trond Stiklestad og daglig leiar Torunn Hernes Bjerkem i Kultlab. Foto: Wow Foto.
KULTLAB: Frå venstre musikar Einar Olav Larsen, forskar Niels Arvid Sletterød, historieforteljar Johan Einar Bjerkem, teaterkunstnar Astrid S. Fuglesang, organisasjonssosiolog Trond Stiklestad og daglig leiar Torunn Hernes Bjerkem i Kultlab. Foto: Wow Foto.
- Gjennom VRI Trøndelag vart vi sett i kontakt med Stiklestad, som har hjelpt oss å sette kunden sine behov i fokus, seier Torunn Hernes Bjerkem.

KultLab er eit selskap som skal levere leiarutvikling på ei kulturell plattform. Johan Einar Bjerkem, Torunn Hernes Bjerkem og fleire prosessleiarar med kulturell bakgrunn og utdanning skal gi leiarar frå næringslivet innsyn i musikk, dans og andre kulturelle uttrykk. Kunsten og kulturen har nemleg mykje til felles med leiarskap og gruppearbeid på ein arbeidsplass.

Visdom i dans og teater
- Dei verktøya vi bruker i kursa er historiefortelling, dans, teater og musikk, og det ligg mykje visdom i kvar av dei. Kursa våre går på teamutvikling, leiing, det å skape noko og på nærvær, fortel Torunn Hernes Bjerkem.

Frå før driv ekteparet bedrifta Bjerkem natur og kultur på garden Bjerkem i Henning. Dei to har brei erfaring frå både næringsliv og kulturliv, og dei har lenge tenkt på at teater, dans og musikk kan vere nyttige verktøy i arbeidslivet.

Reindyrkar kursverksemda
- Vi ville reindyrke kursbiten vår – for å gjere det tydelegare for kundane at det var noko anna enn ”gårdsturisme”. Vi såg at vi hadde behov for hjelp til merkevarebygging og utvikling av dette produktet – og sidan vi hadde god erfaring med kompetansemekling i mindre skala frå tidlegare, spurte vi VRI Trøndelag og kompetansemeklarane om hjelp til dette, seier Torunn Hernes Bjerkem.

Kompetansemeklaren hjelpte til med å koble KultLab saman med organisasjonssosiolog og høgskolelektor i økonomi Trond Stiklestad ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. På den måten fekk dei profesjonell hjelp med å bli kundeorientert og lage noko som forhåpentlegvis treffer i marknaden.

Kundane sine behov
- Trond Stiklestad har hjelpt oss med å tydeleggjere kva kundane har behov for. Før har vi i for stor grad gått ut frå kva vi har å tilby. Trond har vore flink til å få oss gjennom ein prosess der vi har klart å sette behovet til kundane i fokus, seier Johan Einar Bjerkem.

Salet av kursa er allereie i gang, og saman med gode hjelparar både frå forsknings- og musikkverda ser dei to innehavarane av KultLab fram til å gi næringslivsleiarar og andre kundar kulturelle aha-opplevingar.

Ser ting i nytt lys
- Det handlar om å reflektere over og sjå på det ein gjer til dagleg i et nytt lys, og bli meir bevisst på at ein kan gjere seg nytte av at folk er ulike. Det får ein til på ein god måte gjennom til dømes dansen, seier Torunn Hernes Bjerkem.
MER INFORMASJON
Les mer om Bjerkem natur og kultur
Les mer om kompetansemegling - kontakt mellom bedrift og forskningsmiljø

Trøndersk kulturnæringsforum

MEDLEM: Roald Lysø, som er prosjektleder for VRI Trøndelags innsatsområde opplevelsesnæringer, er et av medlemmene i Kulturnæringsforum Trøndelag.26.07.2010
Roald Lysø i VRI Trøndelags innsatsområde opplevelsesnæringer er oppnevnt som medlem av Trøndelags nye kulturnæringsforum. Hovedoppgaven for Kulturnæringsforum Trøndelag er å styre arbeidet med å lage handlingsplaner til Strategiplan for kulturnæringene i Trøndelag 2009-2016.

Trønderske matforskere i Tuzla

I TUZLA: Margrete Haugum fra VRI Trøndelag og Jørgen Lerfall fra Høgskolen i Sør-Trøndelag la fram ny kunnskap om mat på et internasjonalt seminar i Tuzla i Bosnia og Herzegovina.19.07.2010
Nylig deltok Margrete Haugum fra VRI Trøndelag og Jørgen Lerfall fra Høgskolen i Sør-Trøndelag på et internasjonalt seminar om mat og helse i Tuzla i Bosnia og Herzegovina. De to trønderne holdt innlegg om lokal mat i Midt-Norge og om pigmenter i matvarer, og dessuten arbeider de for å få i gang et større samarbeidsprosjekt med forskere i Bosnia.

Samarbeid gir fordeler i norsk næringsliv

Fra venstre: Regiondirektør i NHO Trøndelag, Merethe Storødegård, administrerende direktør i Teeness Mattias Nilsson, klubbleder i verkstedklubben på Teeness Ole Øystein Ekseth, seniorforsker på Sintef Lisbeth Øyum, distriktssekretær i LO Sør-Trøndelag, Christiane Solheim, produksjonsleder i Teeness Håvard Buhaug, konserntillitsvalgt i Sandvik Coromant Einar Sundseth og tillitsvalgt i Siemens Power Electronic Center, Kjell Hårsaker. 12.07.2010
Når ansatte og ledelsen i bedriften samarbeider godt på mange felt, blir beslutningene bedre og arbeidsplassen mer attraktiv. Dette kan igjen styrke konkurranseevnen, viser en ny forskningsrapport fra prosjektet Partsbasert ledelsesutvikling (PALU). Nå integreres arbeidslivsforskning tett med resten av VRI Trøndelags arbeid i perioden 2011-2013.
Om VRI Trøndelag
VRI Trøndelag arbeider for mer forskningsbasert næringsutvikling i Trøndelag, spesielt på områdene verdikjede mat, opplevelsesnæring, fornybar energi og miljøteknologi. Vi bidrar til bedre kontakt og samhandling mellom bedrifter og forskere.

Info for studenter Info for forskere Info for bedrifter







Webdesign: Aarlott Media Concept - Teknisk produksjon: ProsessKompetanse AS